I sagalitteraturen er samene stadig nevnt. I kong Inges saga, kap. 6, forteller Snorre om Sigurd Slembe som fikk båter bygd hos samer:
"Sigurd og Magnus og Torleiv Skjappa siglde utaskjers med fem skip nord til Hålogaland. Magnus var om vinteren på Bjarkøy hjå Vidkunn Jonsson, men Sigurd hogg stamnane av sitt skip og hogg hol i det og søkkte det ned inst i Øksfjorden (på Hinnøya) og sat om vinteren i Tjeldsund på Hinnøya, ein stad som heiter Gljuvrafjord.
Inst i fjorden er det ein heller i berget, der sat Sigurd om vinteren med mennene sine, over tjue mann, og sette attfor inngangen så dei ikkje kunne sjå inngangen frå fjøra. Torleiv Skjappa og Einar, son til Ogmund frå Sand (på Tjeldøya), og Gudrun, dotter til Einar Areson frå Reykholar (på Island), sende mat om vinteren til Sigurd.
Den vinteren, fortel dei, let Sigurd finnane gjera to skuter åt seg inni fjordane. Dei var ihopbundne med senar forutan saum, og vidjer i staden for kne, og det rodde tolv mann på kvar side. Sigurd var med finnane då dei gjorde skutene, finnane hadde øl der, og gjorde gjestebod for han. Då kvad Sigurd dette:
Godt var det i gamma,
då vi glade drakk
og kongssonen glad
gjekk mellom benker
Der vanta 'kje gaman
i gamans-drykkja,
dreng gledde dreng,
der då eg
var.
Desse skutene var så snare at inkje skip tok dei på vatnet, som det står i visa:
Få kan følgja
fura frå Nordland
sen-bundi skip
svipar under seglet.
Om våren for Sigurd og Magnus søretter med dei to skutene som finnane hadde gjort, då dei kom til Vågan, drap dei Svein prest og dei to sønene hans."
Denne korte presentasjon av samer i den norrøne litteraturen viser at samer eksisterte og bodde langt car i landet. Den viser også at samene var sarlig kjent som trollkyndige personer, men at de også var dyktige i forskjellige håndverk, som skipsbygging.
Les beretning av Cornelius Tacitus
Les beretning av Prokopius
Les beretning av Paulus Warnefried Diaconus
Les beretning av Adam av Bremen
Les beretningen Historia Norvegiae
Les beretning av Saxo Grammaticus